Operaektepar heidra

Kongens Fortenestmedalje til Kari og Michael

Kari Standal Pavelich og Michael Pavelic vart etter premiereforstillinga av La Bohem tildelt Kongens Fortenestemedalje. Overrekkinga sto ordførarane i dei seks kommunane som er med i Nordfjordrådet for.

Framføre ein fullsett operasal i Operahuset Nordfjord vart Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich tildelt Kongens Fortenestemedalje. Det var eit tydleg rørt operaektepar som tok i mot utmerkninga frå seks ordførar i Nordfjord.   Foto: Tormod Flatebø

  Foto: Tormod Flatebø

Kultur

–Kjære Kari og Michael. De har lagt ned ein innsats for song- og musikklivet i Nordfjord og Sogn og Fjordane heilt utan sidestykke. Vi har så mykje å takke dykk for at det er umulig å gjere det berre med ord, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo som førte ordet på vegner av ordførarane.

–Det er dykkar forteneste at Opera Nordfjord  fyller tjue år i år. Kompetansen dykkar, kreativiteten dykkar og evna til å bygge nettverk  har sett Opera Nordfjord  på kartet og blitt ein synlig del av operafamilien i Noreg - der ingen skulle tru at opera kunne bu.  Evna dykkar til å få med andre er spesiell.  De har tru på at ein kan få til alt, sa Bjørlo. 

–De har også målmedvite brukt kunsten til samfunnsbygging.  Kjærleiken til musikken, til kvarandre, til regionen, til språk og tradisjonar og folk som bur her. De kunne ha gjort stor karriere kvar for dykk, i USA eller kvar som helst i verda elles. Men de har valt å bruke kreftene og gløden dykkar for musikk her i Nordfjord. Med ei formidlingsevne som har trylla fram nye unge musikk-krefter frå Nordfjord i mangfald, sa Bjørlo som understreka at Kari og Michael har inspirert og imponert mange.

–Ikkje berre innan song- og musikkmiljøet her i vår region, men også i fagmiljø langt utover Noregs grenser.

–Vi som står her på scena i dag - og eg er sikker på eg har alle i salen med meg - har enorm respekt for det arbeidet de har lagt ned og framleis legg ned, og enno skal legge ned i mange, mange år til. De er samfunnsbyggjarar av beste merke. Vi treng dykk, og vil ha dykk med vidare. For å ta opp tråden etter Winston Churchill: Dette jubileet er ikkje slutten. Det er ikkje ein gong byrjinga på slutten. Dette 20-årsjubileet er berre slutten på byrjinga. Og den slutten på byrjinga - den vil vi markere med å gje dykk ein heilt spesiell heider her i kveld - ein heider som ikkje kjem mange til del.

–Kari og Michael: Eg har æra og gleda - på vegne av heile Eid, heile Nordfjord, heile Sogn og Fjordane og alle operavenner elles - å overrekke dykk begge Kongens Fortenestemedalje, sa Alfred Bjørlo til enorme ovasjonar frå ein fullsett operasal.