Stjernekamp laurdag:

Alexander skal vise sjel og følelsar

Soul er vekas sjanger i Stjernekamp. Vi får høyre låtar frå blant andre Nina Simone, Adele, Elvis Presley, James Brown og Alicia Keys. Alexander Pavelich framfører It's A Man's Man's Man's World av James Brown.

Alexander Pavelich er ein av åtte artistar som framleis er med å konkurrerer om tittelen «Norges ultimate artist» i Nrk-programmet Stjernekamp. Komande laurdag er sjangeren soul. Alexander har valt Jame Brown sin låt – «It's A Man's Man's Man's World». Biletet er frå sjangeren rock.   Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Kultur

Berre ein gong tidlegare har soul vore blant sjangrane i Stjernekamp. Det var i den første sesongen, i 2012, og då så langt uti konkurransen at det berre var fire deltakarar att. Denne gongen er det åtte artistar som skal få sjansen til å vise store vokalprestasjonar og vise sjel og følelsar - og det med fullt band, blåserrekke og kor. Ein av dei er Alexander Pavelich som framfører It's A Man's Man's Man's World av James Brown.

Sjangerekspert

Mentor og ekspertdommar er Odd René Andersen (50). Han er kjent som ein av landets fremste vokalister og har i mange år blitt omtalt som Norges soulkonge. Han var frontfigur for bluesrockbandet Dream Police på 80- og 90-tallet og slo gjennom som soloartist i 1995.

Artistane sine val:

Alexander Pavelich: It's A Man's Man's Man's World (James Brown)

Hilde Louise Asbjørnsen: Feeling Good (Nina Simone)

Maria Arredondo: Get Here (Oleta Adams)

Ole Børud: Superfly (Curtis Mayfield)

Ulrikke Brandstorp: When We Were Young (Adele)

Ella Marie Hætta Isaksen: Stay With Me (Jarle Bernhoft)

Heine Totland: If I Can Dream (Elvis Presley)

Chris Holsten: If I Ain't Got You (Alicia Keys)