Det seier Øyvind Lied som var instruktør på «Rockeskulen» på Nordfjordeid til prosjektet vart avslutta etter tre år. I tillegg har han tilbod som privatlærar til dei som måtte ønskje det.

Prosjekt

Kulturskulen i Eid fekk i 2012 300.000 kroner frå Utdanningsdirektoratet til å starte Rockskule i Eid. Øyvind Lied vart tilsette i ei tidsavgrensa, tre år, prosjektstilling. Sjølve prosjektet «Rockskule» vart avslutta i 2016, men vidareført som ein del av kulturskulerektoren si undervisning.

– Mitt møte med Eline Jacobsen Lillestøl og Martha Standal Pavelich var i tilknyting til rockskuleprosjektet. Når begge to no har kome inn på Brighton Institute for Contemporary Theatre Training (Brictt) i England, tenkte eg at det ville vere på sin plass å lage ein liten, fyldig og variert intimkonsert med dei to talentfulle tidlegare elevane mine. Det kan jo bli ei stund til neste gong, seier Øyvind som har fleire prosjekt som han jobbar med.

Ein draum

Både Martha Pavelich og Eline Jacobsen Lillestøl er spente på kva som ventar dei i Brighton. Eline har allereie vore i den engelske byen og sett litt på forholda.

–I tillegg til ei jente frå Volda, er vi fem frå Eid som har blitt tatt opp på «Brictt». Vi skal bu saman i eit ganske nytt hus i byen. Korleis det elles blir vil berre framtida vise. Utdanninga på universitetet er på tre år. For min eigen del blir det å ta eitt år om gongen. Målet er å prøve å få tilbod om å vere med i ulike roller og oppsettingar, så får eg sjå korleis det blir etter kvart, seier Eline som legg til at det uansett er ein stor draum å i det heile bli tatt opp som student.

Musikk dans og drama

Martha Pavelich er ikkje noko uskrive blad, trass sin unge alder. Ho har, til liks med Eline, vore med i mange av oppsettingane til Opera Nordfjord. Seinast hadde ho ein av hovudrollene i Opera Nordfjord si oppsetting av den nynorske operaen «Sildagapet» der ho spelte rolla som Inga. Ho har også, til liks med Eline, hatt fleire store roller i skulemusikalar. Både Martha og Eline har vore med i fleire oppsettingar av det musikalske sogespelet «Elskhug og Eksersis». I tillegg til alt dette har ho sidan første klasse spelt piano, fiolin/bratsj, ho har spelt i korps og strykeorkester, og ho har spelt i band. Ho har dansa ballett, hip hop og step. Spørsmålet er kva linje ho vil velje når ho i starten av oktober går inn dørene på Brighton Institute for Contemporary Theatre Training?

– Når eg no får moglegheita til å starte på «Brictt», så kan det vere starten på vegen mot det eg har aller mest lyst til, å stå på ei scene og formidle ein bodskap. Universitet har også nær kontaktar med musikal- og filmindustrien i England gjennom dyktige lærarar og utøvarar. Gjennom studieløpet får vi som studentar vise oss fram på ulike teaterscener, og for produsentar og agentar, seier Martha som til liks med Eline er veldig spent på kor vegen vidare vil gå.

Først konsert

Men ført er det intimkonsert i Gamlebanken i morgon.

– I tillegg til at konserten blir eit lite farvel med Eid, for ei stund, så er det viktig å få med seg at ein del av inntektene frå konserten vi skal ha i Gamlebanken går til eit prosjekt som Øyvind har jobba med i Matare-slummen i Nairobi, seier dei to talentfulle jentene, som ønskjer å gje ungdomar som har langt større utfordringar enn dei sjølve har, ein sjanse.

Hjelp til andre: –Ein del av inntektene frå konserten går til eit prosjekt som Øyvind har jobba med i Matare-slummen i Nairobi, seier Eline og Martha. Foto: Tormod Flatebø