Ho fortel at ho var tidleg ute med å debutere på scena. I fjerde klasse skulle elevane ha ei framføring på ein elevkveld. Då det kom til stykket trekte dei andre i gruppa hennar seg etter å ha fått sceneskrekk, og då slo Torunn til og framførde eit stykke ho hadde laga sjølv, og der ho spelte alle rollene. Det vart stor suksess og stor jubel i salen. Sidan blei ho ofte spurt når det skulle vere underhaldning rundt i bygda.

− Det var så kjekt å få folk til å le, og eg bestemte seg for å bli skodespelar, ler ho.

Profil

Torunn Lødemel Stokkeland f. 1968:

Bur: Ytrehorn sidan 2012

Sivil status: gift med Jan Erik Stokkeland og har barna Oscar(17), William(16) og Sokrates(10)

Yrke: frilans skodespelar

På nattbordet: leselampe, vekkeklokke

Aktuell: Påtroppande regissør i Elskhug og Eksis

Gjekk Eid vgs

Torunn gjekk allmennfag på Eid, og kom inn i songmiljøet der. Ho var aktiv i Ten Sing og var med i anna underhaldning. Ho opplyser at ho ikkje kan seie seg heilt fri for å vere arveleg belasta. Mora, Eline Lødemel, spelte fele, alle syskena hennar spelte eit instrument og morbror Rolf var kunstnar.

Torunn såg tidleg at ho måtte flytte til Oslo for å få realisert skodespelardraumen sin, og ein vårdag i 1987 sette ho seg på Nordfjordekspressen og stakk til hovudstaden.

Så vart det å «sitje i kassa på Rema» på dagtid, og engasjement i teatergrupper, kor og jazzballett på fritida. Den første skikkelege kontakten med proffane fekk ho som statist i musikalen Sound of Music.

Filmar og TV-seriar

Deretter følgde andre småroller i musikkalar, og så kom ei lang rad med roller i filmar og TV-seriar: som Edvardas ven i Pan, Gudrun i Kristin Lavransdatter, Agnes i 5 løgner, frøken Hadeland i Løvekvinnen og Hilde, veterinær i Trolljegeren og Kvinne på bemanningsbyrå i Svenskjævel.

Siste filmen ho har vore med i er action/fantasy-filmen Mortal(2018) som ennå ikkje er vist på kino.

Ho har og spelt i mange TV-seriar. Mellom dei som Doctor Hell i Hotel Cæsar, Pedagogisk leiar Gry Hovland i Lilyhammer og Lone i Vikingane.

Mellom alle engasjementa blei det tid til eit år på Romerike Folkehøgskule, som har reindyrka eitt fagfelt, teater og musikk. Dette var eit år med solid fagleg påfyll og der ho knytte kontaktar med sentrale folk i miljøet i Oslo. I dei siste åra i oslomiljøet, spelte Torunn og i teatergruppene «Ville Veier» og «Krabatene» i stykke som Pizzaman, Karius og Baktus, Tre bøtter til Vaskepott og Mjau.

Ho fortel at ho har hatt mange kjekke roller, men rolla som Miss Hannigan i Annie, gler eg meg verkeleg til, seier ho begeistra.

Heim til Ytrehorn og Nordfjord

Draumen om å bli skodespelar vart realisert, men Torunn hadde ein annan stor draum: draumen om å overta eit småbruk på heimtraktene. Høvet baud seg då ho for seks år sidan fekk overta småbruket heime på Ytrehorn. Også mannen ville vestover, så då var det berre å trø til. Ho har ei ekte interesse for økologisk jordbruk, og skal drive meir med det etter kvart.

− Livet er berre herleg no, filosoferer Torunn, eg bur i Hornindal og jobbar med det eg likar best.

Meir elskov enn eksis?

No i første omgang er det Annie for Torunn, men utover i 2019 er det Elskov og eksis for fullt. Ho vedgår at ho ikkje har sett stykket «live», men har sett dei fleste i opptak. Ho tykkjer det er eit godt manus, og at det er gjort mykje godt arbeid med dei sju førestillingane til no. Men som ny iscenesetjar vil ho sjølvsagt setje sitt merke på spelet.

Ho fortel at ho har lyst å komme meir under huda på karakterane, og vise meir av menneska bak yrkestitlane. Torunn kan og tenkje seg å ha det litt meir gøy med stykket og karakterane.

Ho ser for seg at ho vil behalde mykje av «casten», og skal ha workshop-audition i haust i nokre av kommunane i Nordfjord. Så blir det å bli kjend med skodespelarane og øvingane startar ved påsketider. Premieren vert som vanleg i slutten av juni.

Som regissør har ho sett opp musikalen Robin Hood i Stryn, og hatt fleire oppdrag både lokalt og i Oslo. Saman med Josefine Agate Hove(«Heimebane») var ho i sommar på internasjonal workshop i Nederland.

Fakta Elskov og Eksis

Tema: Stordomstida for eksisplassen på Eid på slutten av 1800-talet

Marit Grytnes Dullaert har vore regissør for dei fleste framsyningane

Historisk musikal med 150 aktørar

Manus: Tor Karseth

Amfi med plass til 500 personar blei bygd i 2004

Første framsyning i 2005

Grønsakhage: Interesse for økologiske dyrkingsmåtar har ført til både mais, rabarbra og graskar i grønsakhagen på Ytterhorn. Foto: Per Ole Lefdalsnes
To favorittbutikkar: Då Torunn gjekk på Eid vgs gjekk ho gjerne på Totlands bokhandel og godtebutikken til Dagfinn Aasebø. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Driv campingplass på garden: Hornindal Hagecamp har parkert 75 vogner med spikartelt, mest sunnmøringar. Betre vêr i Hornindal enn heime. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Landets finaste scene: Torunn ønskjer seg full amfi og stormande jubel når ho set i scene Elskhug og eksis for første gong. Ho konstaterer at det har det skjedd store forandringar sidan russen feira her i 1987. Foto: Per Ole Lefdalsnes