Saman med nesten 1000 andre ungdommar frå resten av landet skal dei delta på aktivitetar, spele volleyball og bli vidle, fine og blaude.

Å lære ved å gjere – saman

Det å reise på leir er den største sosiale hendinga i løpet av 4H-året. Med klåre hovud, varme hjarte, flinke hender og god helse utfordrar 4H-arane seg sjølve både sosialt og læringsmessig. Dei spelar volleyball til langt på natt , utfordrar nabofylker til songkonkurranse, ler og blir kjende med ungdommar frå resten av fylket og landet. Mottoet «Å lære ved å gjere -saman» vert testa ut i aktivitetar som øksekasting, tautrekking, rundballepulling og melking av kyr.

Frå sjokoladefabrikk til Preikestolen

Leirkomitéen har teke heile Rogaland i bruk for å gi eit variert tilbod til ungdommen. Mellom anna kunne leirdeltakarane  bli med på sjokoladelaging, bølgjesurfing, Vitengarden og tur til Preikestolen. «I løpet av veka har eg vore med på Vitengarden og Vitenfabrikken, ein gåtur og kanopadling, fortel Hallvard Lote (15) frå Ørn 4H i Eid kommune. -Eg og ein kompis fann ut at vi ville reise på leir saman, og det angrar vi ikkje på! Det er særs artig å reise på leir med 4H!

Minner for livet

Eirik Hortemo Vikøren (30) er leiar i fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane og hovudleiar for dei som reiser på leir for andre år på rad. -Det er utruleg givande å få reise med så mykje kjekk ungdom, smiler Eirik. Sjølv om han er ein erfaren leirdeltakar og leiar, så har han ingen planar om å slutte med å reise på leir: -Det å reise på leir betyr å få møte att gamle vener, samstundes som ein alltid blir kjend med nye. 4H-leir betyr minner for livet og gode vener, noko som eg håpar at mange fleire skal få gleda av å oppleve, fortel den glade hovudleiaren.

4H-arane som reiser på leir får mange venner frå heile landet, og treffer desse igjen år etter år på storleir. I 2019 tek vi turen til Bornholm i Danmark, og håpar på å fylle tre bussar med leirglade ungdom frå fylket!

–Eg stortrivast på landsleir! Alle er så hyggelege, aktivitetane er kjekke og området og vêret har vore knallbra, smiler ein nøgd Hallvard Lothe frå Ørn 4H. Foto: Mathilde Tjønneland