Ein finale der alle kulturskuleelevane var med på scena. Skulle vi seie noko om finalen, så må det bli at det var heilt «Candis».

Men før kulturskuleelvane kom så langt som til finalen, hadde dei vore gjennom heile 28 innslag. Både solonummer, duettar og med mange på scena.

Ekstra kjekt var det at Kulturskuleelevar frå Ytre Stad deltok med fleire nummer.

Kulturskuleelevane greidde å halde publikum i ande over to timar utan eit einaste dødpunkt. Det er berre å gratulere og seie at vi ser fram til neste gong.