I kva grad ein klarer å skape felles kultur og tilhøyrsle til ny kommune vil vere avgjerande for å nå den overordna målsettinga for den nye kommunen, og er derfor eit viktig mål i seg sjølv.

Intensjonsavtalen punkt 4. oppmodar dei politiske partia i Eid og Selje til å starte eit samarbeid og felles prosessar for å skape ein vi-kultur i den nye kommunen.

Fellesnemnda ser arbeid med felles kultur og identitet for ny kommune som ei viktig og prioritert sak og har vedteke å utarbeide ein overordna plan for kulturbygging.

Ein plan/tiltak skal bidra til å sette arbeidet i fokus og planlegge for at dette skjer på ulike nivå og i ulike miljø. Planen skal utarbeidast i samarbeid med sivilsamfunnet, organisasjonar og institusjonar og innehalde eit overordna kultur- og aktivitetsprogram for kommunen sine innbyggjarar fram mot 2020.

Temagruppe

Det er sett ned ei temagruppe for kulturbygging som skal utarbeide ein plan for arbeidet. Gruppa vil vere ein «katalysator» for idear og aktivitetar, og vil etter behov knyte til seg ressurspersonar eller grupper etter behov. Tema-/arbeidsgruppe for kulturbygging:

Stein Robert Osdal, leiar fellesnemnda (Selje)

Alfred Bjørlo, nestleiar fellesnemnda (Eid)

Marita Aarvik (Selje)

Kjetil Vetrhus (Selje)

Maria Helgesen (Selje)

Thomas Hals (Eid)

Stein Bjørhovde (Eid)

Astrid Grete Torheim (Eid)

Sunniva Henden (Eid)

Kristian Nave (Bryggja)

Representantar frå ungdomsråda i Eid og Selje

Temagruppa har si fyrste samling og oppstartsmøte tysdag 19. juni kl 17.00 på Selje rådhus.

Fond for felles kulturbygging

Som ein del av arbeidet med ekstern kulturbygging er det etablert eit fond som skal bidra til at innbyggjarane vert betre kjende på tvers av kommunegrensene. Dette gjev no innbyggjarar/lag. og org. i nye Stad kommune no moglegheit til å søkje støtte til f.eks klassetur, pensjonisttreff, kultur- eller idrettsaktivitetat. Føresetnaden er at arrangementet eller aktiviteten bidreg til at innbyggjarane i Eid, Selje og Bryggja vert betre kjende med kvarandre.

Les om fondet her