– Eg er glad for at styret har tiltru til meg som leiar for ein nasjonal institusjon som forvaltar ein avgjerande del av norsk kultur og kvardagen til om lag 600 000 nynorskbrukarar. Det forpliktar, seier Sandsmark. – Eg gler meg til å arbeide i lag med styre, råd og dyktige medarbeidarar for å gjere nynorsk sjølvsagt når som helst og kor som helst.

Sandsmark møtte pressa like etter at han var presentert for dei tilsette på eit ekstra allmøte måndag der han signerte arbeidsavtalen. Dei kjenner han godt, for Sandsmark har arbeidd i Nynorsk kultursentrum i nær tre år og er no redaktør i Allkunne. Sandsmark tek til i stillinga 1. november.

– Sandsmark er ein kapasitet, seier styreleiar Lodve Solholm. – Han er fagleg sterk, uredd, involverande og tenkjer nytt. Med sin store arbeidskapasitet går han grundig inn i nytt ansvar og nye oppgåver. Sandsmark har arbeidd i fleire avdelingar hos oss og vist seg som ein samlande og lyttande kollega. Frå si politiske erfaring forstår han politisk makt og strategisk kommunikasjon. Per Magnus Finnanger Sandsmark har det som skal til for å bli ein synleg og respektert direktør i Nynorsk kultursentrum.

Vestlending frå Halden

– Det er viktig at det finst ein fagleg institusjon som dokumenterer og formidlar litteratur og språk for heile livet, ikkje berre skulelivet, seier den nytilsette direktøren. – Den fremste oppgåva som direktør er å leggje til rette for at gjestene får minnerike opplevingar og ny forståing om språk, dikting og journalistikk, anten dei er på nett, arrangement eller museum,

Per Magnus Finnanger Sandsmark blei fødd i Halden i 1989 med foreldre frå Dalane og Nordmøre, og han bur i Volda. Han er kulturvitar med mastergrad i kulturhistorie og museumsvitskap frå Universitetet i Oslo i 2014 og har hatt praksis ved fire museum. Frå hausten 2015 var han formidlar, festivalprodusent og prosjektmedarbeidar ved Olav H. Hauge-senteret. Frå februar 2017 har han vore redaktør i Allkunne og medlem av leiargruppa i Nynorsk kultursentrum.

Han har ein allsidig politisk bakgrunn og har arbeidd som rådgivar på mange fagfelt for Venstre nasjonalt og Venstres stortingsgruppe i åra 2011–2015, mellom anna for Trine Skei Grande. Sandsmark var varamedlem og fast medlem i Halden kommunestyre 2007–2015, gruppeleiar for Venstre i Østfold fylkesting 2011–2015 og førstekandidat til Stortinget frå Østfold 2013. Han har også mykje røynsle frå målrørsla og andre organisasjonar. Sandsmark er også ein klartenkt debattant, kulturkritikar og foredragshaldar. Alt dette har gitt han eit uvanleg breitt nettverk innanfor kultur, språk, politikk og organisasjonsliv.

Omfattande og grundig prosess

Etter 19 år i direktørstillinga varsla Ottar Grepstad i februar at han blir pensjonist frå hausten. Styret oppnemnde eit tilsetjingsutval med tre styremedlemer under leiing av Jon Østbø og engasjerte Vísindi i arbeidet med å finne den rette. I møte 6. juni vedtok styret å tilby Sandsmark stillinga.

– Det har vore ein omfattande og grundig prosess der vi vurderte svært ulike kandidatar, seier Lodve Solholm. – Då vi skulle konkludere, var ingen i tvil. Per Magnus F. Sandsmark er nettopp den direktøren vi såg etter. Nokon ny Ottar Grepstad kunne vi ikkje få, men dette generasjonsskiftet på toppen gir Nynorsk kultursentrum det vi treng no.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 for å drive Ivar Aasen-tunet. Til hausten rundar stiftinga 25 år med 20 fast tilsette som driv tre museum, tre festivalar, eit digitalt leksikon og ni andre nettstader. Fleire store prosjekt er i arbeid, og budsjettet for 2018 er på 33,5 millionar. Nynorsk kultursentrum er den einaste nasjonale kulturinstitusjonen med driftsavdelingar i tre fylke og har gjennomført over 5000 arrangement i nærmare 200 kommunar landet rundt. Stiftinga er utan langsiktig gjeld og hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på fem millionar.