Kjølsdalen Musikklag fekk æra av å opne konserten, deretter følgde det eine orkesteret på rekkje og rad. Eid er så heldige å ha to vaksenkorps, Eid Musikklag og Kjølsdalen Musikklag. I tillegg er det skulemusikk i Kjølsdalen, på Stårheim, på Nordfjordeid og ikkje minst på Hjelle.

Nettopp Hjelle skulemusikk overraska under årets vårkonsert. Etter at Hjelle Skulemusikk hadde gjort ferdig sine nummer av konserten fekk publikum møte noko heilt nytt. Hjelle Brass. Ein smakebit av det dei hadde å by på får du i denne videoen.

Meir frå Vårkonserten i avisa tysdag