- Fantastisk, og utruleg stas! Vi har sikla etter dei australske rockarane i mange år og er overlykkelege over endeleg å få dei til Nordfjordeid og Malakoff Rockfestival, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Tidlegare har vi hatt Biffy Clyro, The Hives, Iggy Pop, Mastodon, Refused og no i år Wolfmother! Festivallivet på bygda er herleg, seier Arnt-Ivar Naustdal med eit breitt smil.

Wolfmother

–Det australske rockebandet har vi sikla etter i mange år, og no tek Andrew Stockdale & Co endeleg med seg eit eksepsjonelt knippe gromme rockelåtar og gjer ein eksklusiv Noregskonsert på Malakoff18! Du som høyrer på The White Stripes, Led Zeppelin, Black Sabbath, QOTSA og Rival Sons, kan forvente deg Steintøff og grom ROC, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Frå før er i tillegg til Wolfmother, Gluecifer, Thåstrøm, Unge Ferrari, Paradise, Gåte, Kjartan Lauritzen, Side Brok & Sirkel Sag, Thulsa Doom, Sløtface og I Am klare for Malakoff18. Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren.