Våren 2018

Noko for alle i Operahuset Nordfjord

Ingrid Bjørnov, Sigrid Moldestad og Ingebjørg Bratland. Familiemusikalar og barneteater. Spelmusikk og allsong. Sven Nordin og russerevy. Operahuset Nordfjord byr på mykje variert også i 2018.

Feirar: Sigrid Moldestad feiar ti år som artist, og kjem med fullt band til Operahuset Nordfjord 26. januar. 

Jukebox: Rune Larsen, Tor Endresen og Kathrine Moholt inviterer til «Jukebox» i Operahuset. 

Einaste: Nordfjordeid er den einaste staden Ingebjørg Bratland held konsert i Sogn og Fjordane.  Foto: Isabel Watson

Kultur

No blir operahuset klargjort for nye, store opplevingar i 2018.

Sigrid Moldestad feirar i år ti år som soloartist, og kom i haust ut med nytt album. Det var midt i operaen Sildagapet, så jubileumsfeiringa blir fredag 26. januar. Då tek den fenomenale musikaren, songaren, låtskrivaren og mennesket Sigrid med seg fullt band til Operahuset Nordfjord.

Mystisk russerevy

Eidarussen har gjort stor suksess med revy dei siste åra. 2018-russen vil ikkje vere noko dårlegare, og inviterer til russerevy 2. og 3. februar. I år er handlinga lagt til Mats Andersson sin villa, der kjendisar forsvinn på mystisk vis frå innflyttingsfesten.

Onsdag 14. februar inviterer Riksteatret og operahuset til fest i i Kardemomme by. Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent er det duka for ein versjon full av energi, humor, dans og masse musikk. Og etterpå kan barna få helse på røvarane.

En mann ved namn Ove

Sven Nordin kjem til Operahuset Nordfjord søndag 18. februar, med ei teaterframsyning om kjærleik, skikkelege verktøy og kor viktig det er å køyre Saab.

– Eg gler meg til ny turné. Ikkje berre fordi mange har lest boka og sett filmen og diggar historia om Ove. Dei fleste har jo møtt ein liknande fyr i sitt eige liv, og eg trur at dei fleste vil oppleve at Ove kan lære oss noko viktig om oss sjølv, seier kritikarroste Nordin.

Opera Nordfjord går heilt nye og spennande vegar i sin vårproduksjon, med spelmusikkonseptet «Score» som dei hentar frå Sverige. Dei inviterer alle som elskar god, symfonisk musikk på ei oppleving publikum seint vil gløyme. På scena står spelentusiast, rockar og konferansier Orvar Säfström, sopransolist Sabina Zweiacker, operaorkesteret, eit samansett kor og dirigent Michael Pavelich.

Steinway to Heaven

Ingrid Bjørnov gjer i desse dagar stor suksess med si nye soloframsyning, «Steinway to Heaven». Med støttestrømper, lausvipper og oppstemt flygel inviterer ho tysdag 6. mars til klassisk himmelferd i Operahuset Nordfjord.

To nydelege musikalar står på programmet i mars. Disney-produksjonen «Skjønnheten og udyret» blir sett opp av Eid vidaregåande skule 15.–17. mars, under leiing av Michael Pavelich og Candice Bredesen. Torsdag 22. mars kjem Riksteatret med «Trollmannen frå Oz».

Einaste i Sogn og Fjordane

Nordfjordeid fredag 6. april er den einaste konserten Ingebjørg Bratland held i Sogn og Fjordane på sin omfattande vårturné. Artisten frå Vinje gav i oktober ut sitt fjerde album, «Hjarteskjell», til strålande kritikkar. Bratland bergtek sjølvaste kongen, publikum elles og anmeldarar med si klare, sterke stemme, ekte framføring og fengande låtar.

Rune Larsen, Tor Endresen og Katrine Moholt inviterer til konserten «Jukebox» torsdag 19. april. Dei har plukka ut sine favorittlåtar frå dei glade 1950-, 60-, og 70-åra. Resten av konsertprogrammet er det publikum som bestemmer, gjennom avstemming på internett.

Som vanleg husar operahuset mange andre arrangement på våren, både opne for alle og meir lukka private. Publikum kan mellom anna gle seg til UKM 11. februar, quiltetreff 8. april, vårkonsert med korpsa i Eid 15. april og songarstemne siste helga i mai.

Opera Nordfjord feirar 20-årsjubileum i 2018. Jubileumsframsyninga blir sjølvaste La Bohème, med premiere 3. oktober. Billettsalet er allereie godt i gang til Puccini sin vakre opera, som publikum jubla over i aulaen på Fjordane folkehøgskule i 2000. Eit strålande solistlag er klar til jubileet.