Vakker dans i sommarsol for dei eldste og dei yngste

Ballett for nytt publikum på utescene ved Hogatunet

Det blei nesten litt magisk då den asfalterte plassen framfor Hogatunet blei gjort om til ein arena for musikk og dans.
Bildegalleri

Onsdag fekk bebuarane ved Hogatunet omsorgssenter ei oppleving som ikkje er kvardags kost. Direkte frå hovudstaden og Den Norske Opera og Ballett kom unge dansarar til Nordfjordeid og Hogatunet. Der dei hadde ei danseoppvisning på ein halv time for både dei eldre og barn frå barnehagen. Etterpå var det elevar frå Eid ungdomsskule som fekk oppleve denne dansen ute i det fri. Bakgrunnen for denne dansereisa til Vestlandet er at Operen i Oslo ikkje har hatt vanleg program på grunn av korona. Og dermed ledig tid til å glede andre.