Sjå stor bildeserie frå Harpefossen

‒ Heilt fantastisk

‒ Dette er ein av dei aller beste dagane vi har hatt her i anlegget. Heilt fantastisk! Eg kan ikkje sjå at det kan vere noko betre enn i dag på nokon som helst måte. Det seier Stig Silden, ein av dei aller flittigaste brukarane av Harpefossen skisenter.
Bildegalleri

Saman med Monica var Stig på plass klokka ti på halv ti, i god tid før skianlegget opna i dag, og dei var dei to første i trekket. Etter eit par timar er det godt med folk i anlegget, og tid for ein pause for paret frå Deknepollen som starta heimanfrå klokka åtte. Dei har hytte på Harpefossen, men følgjer reglane om å ikkje overnatte.