God stemning på strikkefestival

Det var god stemning og mange fornøgde damer med på den første utgåva av Nordfjord strikkefestival som vart arrangert på Nordfjordeid i helga, og arrangørane har allereie bestemt seg for at det blir ny festival neste år.

Strikking er min yoga

Bildegalleri

– Triveleg og spennande. Eg håper det blir fleire gonger. Eg tek gjerne turen igjen. Det er veldig bra med slike lokale arrangement, seier Siv Marit Kaldhol, ei av fleire frå Hareid som hadde teke turen over fylkesgrensa på strikkefestival. Sunnmøringen liker godt måten ein har brukt lokalmiljøet på med mange ulike aktivitetar. Sjølv har ho mellom anna vore på Sagastad og sett på nålebinding og på Gamlebanken for å høyre på lokal musikk. Og ho fekk sjølvsagt med seg føredraget til Birger Berge. Strikkeboka hans har ho frå før, og kanskje blir det mogeleg å få ho signert.

– Kva er det som er så kjekt med strikking

– Du kan ha det med over alt. Strikking er avkopling. Strikking er min yoga, smiler Kaldhol. – Og mange blir glade når dei får resultatet, legg ho til. Kaldhol er spesielt fascinert av dei som driv med plantefarging, og på marknaden kjøpte ho med seg naturfarga kortreist garn.

Markerte 8.mars med klirrande strikkepinnar

I år var det ei litt annleis 8.mars-markering på Nordfjordeid der strikkepinnane var i flittig bruk, og der både sanitetsforeining og praktisk solidaritetsarbeid var i fokus.

Naturfarga ullgarn

Nordfjordull var av dei som hadde stand på strikkemarknaden på Nordfjord Hotell. Inger Falkevik frå Almenning driv med gammalnorsk spelsau og sel garn med namnet Nordfjordrull. Garnet er heimefarga med naturprodukt som lav, hassel og einer. Falkevik fortel at den fine ulla har vore ein tur opp til Selbu for å bli spunne. Den lange overulla har Anne Britt Lotsberg vove golvteppe av.

Falkevik er godt fornøgd med å delta på festivalen. Folk har vore handlevillige, og ho har fått knytt kontaktar og fått vist fram sine produkt.

Nordfjordgenser

Festivalen hadde sin eigen festivalgenser med tilhøyrande lue, designa og strikka av Magni Hjertenes Flyum. Genseren er strikka av Bamsegarn på pinne nummer 9 og er både lett og luftig.

Flyum fortel at mønsteret mellom anna er inspirert av Visit Nordfjord sin profil, og at den er tenkt lansert som Nordfjordgenseren.

Utstilling i Alti

Opninga av strikkefestivalen fann stad i kjøpesenteret Alti på Nordfjordeid der ramma var ei utstilling som Eid husflidslag hadde laga til ved hjelp av eigne strikka klede supplert med klede lånt ut av butikkar på senteret.

–Du bruker lang tid på å strikke eit plagg, du får eit heilt anna forhold til eit plagg som du har laga sjølv enn til det du går og kjøper, seier leiaren i Eid husflidslag, Marita Røyset. Ho peikar på at eit strikka plagg kan du ha i mange år, det er ting som er haldbare og berekraftig, noko som høver godt inn i den tida vi er i no, når mange ser etter alternativ til bruk og kast.

– Og blir det eit hol, går det an å bøte eller setje på ein lapp.

Lærte det av bestemora

– Eg har strikka så lenge eg kan hugse. Eg lærte det av bestemora mi då eg var veldig liten. Det tok veldig av då eg var student, og så har det blitt meir og meir, fortel mønsterstrikkentusiast Birger Berge. Hobbyen har no blitt sidejobb, og han har laga strikkebok og heldt føredrag på festivalen.

Strikking er ganske trendy, og Berge trur at det vil halde fram.

– Folk vil gjerne lage noko sjølv, noko handfast, i vår gjennomdigitaliserte tid. Strikking er fint på mange måtar. Det å lage noko sjølv, det gjev meistringskjensle, og du kan nytte dødtid, til dømes kan du strikke på reiser, seier Berge. Han fortel at det vert opplevd som eksotisk, og folk vil gjerne ta bilde når han til dømes tek fram strikketøyet på ein bar i London.

Fargeworkshop

Garnfargespesialist Laila Henriksen frå Værbitt inviterte til fargeworkshop der deltakarane fekk utforske nokre av dei mange mogelegheitene ein har for å farge garn med syntetiske fargar.

Arrangørane hadde vore kreative og inviterte både til MGP spinning og pilates med strikk på Hamna Trening og hælaften på skobutikken Sunde. Festivaldeltakarane kunne vere med på alt frå uhøgtidleg strikkekafe med garnbytte til strikkefrukost og strikkegalla.

Sagastadvott

Mange stilte opp for å hjelpe til for få festivalen til å henge saman. Astridur Einarsdottir og Audur Gunnlaugsdottir var to av mange som stilte opp med dugnadsarbeid. Også folk frå Kjølsdalen bygdekvinnelag tok imot og selde billettar på strikkefestivalen.

Astridur nytta tida innimellom til å strikke Sagastadvott etter mønster som ho har laga sjølv.

Sosialt med strikking

Festivalsjef Karina Kjørstad legg vekt på det sosiale med å strikke saman, det å ha ei felles interesse som ein samlast om. Ho opplever at strikkesamlingar som denne festivalen er ein arena der det også er enkelt å kome åleine. Det er lett å kome i kontakt med andre strikkarar.


Her er det strikkefestival

I går ettermiddag opna varaordførar i Stad kommune Siri Sandvik (Ap) Nordfjord strikkefestival, den første strikkefestivalen mellom Bergen og Ålesund.