Elevane som tar musikal ved Eid vidaregåande skule har hatt ei intensiv øvingsperiode, og sist veke brukte dei også store deler av vinterferien på å øve til skulemusikalen Little Women. Fredag 21. februar var første gongen alle musikalelevane var til stades og gjekk igjennom heile musikalen med fullt kostyme på scena. I år skal det vere rekordmange kostyme. Desse er lånt av Opera Nordfjord. Anne Regine Sønderland er også med og tilpassar alle kostyma til kvar enkelt elev. Søndag kom også orkesteret for å øve saman med gjengen for første gong.
Gler seg til premieren
Etter ei intensiv periode med øving, er musikalelevane klar til premieren torsdag.
Bildegalleri