På flukt i to år

– Det er viktig å snakke om det

Tysdag var det internasjonal dag på Eid vidaregåande skule, og elevane fekk førstehandsbeskrivingar om korleis det er å vere på flukt.
Bildegalleri

På Eid vidaregåande skule er det elevar frå over 30 ulike nasjonar frå heile verda. Denne veka vart mangfaldet på skulen feira gjennom ei internasjonal veke med ei rekkje aktivitetar som klimadag torsdag og aksjonsdag fredag. Tysdag vart den internasjonale veka opna med FN-rollespel, der elevane i tredjeklasse studiespesialiserande og påbygg spelte delegatar frå ulike medlemsland i tryggingsrådet i FN. I år var konflikten mellom USA og Iran og atomspørsmålet hovudfokuset under rollespelet. I tillegg var det internasjonal lunsj med matrettar frå heile verda, quiz, design, film, lynkurs i arabisk og føredrag.