Tvekamp mot Eid-ordføraren

Lett match for Farmen-Erik

I ettermiddag møttest Farmen-Erik Rotihaug og ordførar Alfred Bjørlo til vennskapleg tvekamp i Tore-Garden i Eid.
Bildegalleri

Ordførar Bjørlo hadde visstnok sete på ein holme i Eidselva i natt med mykje skog, og som utfordrar valde han å prøve og slå Farmen-vinnaren i greina øksekast. Han uttalte til reportar for riksmedia at han satsa på å få hjelp av nybegynnarflaks. Men sjølv om han stilte opp i distriktspsykopat-t-skjorta si, så måtte han sjå seg slått ned i støvlane av sambygdingen, som no er blitt rikskjendis etter å ha vunne Farmen på TV2.