Hjelle skule 50 år

Feira med glede og framtidstru

Hjelle skule sine 50 år vart feira stort med jubileumsfest og fullsett gymsal onsdag kveld.

Skulen er verkeleg ein del av bygda. Vi spelar på lag med kvarandre og det gjer at vi er ein god skule.

Bildegalleri

– Det har vore eit stor utvikling på desse femti åra, og det har skjedd mykje. Frå bilde så ser vi at folk står annleis i ei anna tidsepoke. Hjelle skule er prega av gode tradisjonar. Det er utruleg flott samhandling. Den faste julefesten gjer at folk blir vande til å stå på ei scene frå dei går i 1. klasse, sa rektor Dag Inge Dæmring. Han roste også den store dugnadsinnsatsen frå bygda.