Middag og fest i den 230 år gamle sorenskrivargarden

Varm avskjed med Eid kommune

Eid kommunestyre fann i går kveld fram til 230 år gamle Leikvin for å markere slutten på 183 år som Eid kommune. Mellom dei historiske veggane tok dei ein varm avskjed med avtroppande Eid kommune.
Bildegalleri

Slutt for ei kommune etter 183 år. Dei tretti første saman med Hornindal, og så 153 år som Eid kommune åleine. Dette blei markert av politikarane i det siste kommunestyret i Eid, med middag og innslag på Leikvin i går kveld. Og i eit bygg som sjølv er 230 år, vart det ein varm avskjed med Eid kommune, litt vemodig, men også optimisme for siste års utvikling.