Sjå bildeserie frå Halloween

Store og små kosa seg

HalloVenn vart avlyst, men Stårheim sørga for at det vart ei skikkeleg halloweenfeiring for barna.
Bildegalleri

Torsdag ettermiddag og kveld var store og små kledd i både festlege og skumle kostyme og samla i Eventyrstallen på Høynes, Stårheim. Tidlegare på dagen vart det kjent at arrangementet HalloVenn som skulle bli arrangert i Idrettshuset for sjette året på rad, vart avlyst grunna sjukdom. I staden tok familiar turen til Eventyrstallen, som hadde laga til med halloween dekorasjonar, godteri, kaker og kaffi for dei frammøtte. I tillegg var det også konkurransar som dansekonkurranse og stolleik for barna.