Sjå stor bildeserie:

Fest i Operahuset

Torsdag kveld samla nasjonalitetar frå heile verda seg i Operahuset Nordfjord då det vart arrangert internasjonal fest.
Bildegalleri

Torsdag kveld var store og små samla til ein internasjonal fest der underhaldning og festmåltid stod på menyen. Det heile starta med presentasjonar av folk frå land som Syria, Spania og Eritrea, før alle var med å song «Eg blir så glad når eg ser deg», både på norsk og arabisk. Vidare vart det både tradisjonell dans frå Thailand, Flamenco dans, og songar på norsk og kurdisk. I tillegg var det også eit lotteri, til inntekt for Redd Barna.