Storkosar seg på handballskule i ferien

For tiande gong arrangerer Haugen Handball handballskule for barn mellom seks og tolv år i haustferien.
Bildegalleri

50 barn med stor idrettsglede er onsdag til fredag denne veka med på Rema 1000 Handballskule i Eidahallen på Nordfjordeid. Det er Haugen Handball og Eid Damelag som arrangerer saman denne gongen, og før påmeldingsfristen var ute vart det melde om ein heilt full handballskule, akkurat slik som tidlegare år.