Feira med moteshow

Alti Nordfjord markerte namnefest med moteshow og besøk av Jan Thomas.
Bildegalleri

Torsdag feira Alti Nordfjord at dei byter namn frå Amfi Nordfjord. Det vart først markert med kake servert av senterleiar Gro Gjerdevik, torsdag morgon. Seinare på dagen kom Jan Thomas for å vere konferansier på ei motevisning i senteret. Det var svært mange publikummarar som hadde tatt turen for å få med seg showet, og dei fleste såg ut til å kose seg med visninga og tipsa frå Jan Thomas. Han kunne fortelje at «ved kjole og strømpebukse er det støvlettar eller boots som gjeld. Droppar ein strømpene kan ein ta fram stiletthælane».