8. mai:

Mange møtte opp for å heidre veteranane i Nordfjord

Onsdag 8. mai markerte Nordfjord frigjeringsdagen, veterandagen og Røde Kors-dagen på Plassen.
Bildegalleri

I både sol og regn var store og små samla ved «Sørgande Mor» på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid onsdag. Dette for å markere frigjeringsdagen, veterandagen og den internasjonale Røde Kors-dagen som alle er 8. mai. Som i fjor, var det også i år ei felles Nordfjord-markering til minne om falne frå Nordfjord i andre verdskrig. Arrangørane i år var kommunane i Nordfjord, Plassens venner, Eid Røde Kors og Eid Frivilligsentral.