Stor fotballglede på cup

Laurdag vart Eid Cup arrangert på Eid idrettspark, og det var både latter og glede då gutar og jenter frå heile Nordfjord deltok.
Bildegalleri

Eid IL Fotball arrangerte laurdag Eid Cup på Eid idrettspark til stor glede for mange barn i Nordfjord. Laga som var med var mellom andre lokale lag som Eid, Haugen, Stårheim og Selje, men også lag som mellom andre Ørsta, Sogndal og Førde hadde tatt turen til Nordfjordeid for å spele cup. Det var stor idrettsglede, sosialt med både fotball og andre aktivitetar, mat og drikke i sola.