Statsminister Erna Solberg fekk oppleve

Bursdagsfest og bedriftsbesøk

–Det er rimeleg spesielt at ein liten kommune som Eid, har operahus. Nettopp det heng saman med at kommunen har folk som brenn for noko. I Eid brenn ein for kultur. Gratulere med dagen!
Bildegalleri

Det sa satsminister Erna Solberg då ho sist torsdag besøkte Nordfjordeid. Under besøkte var ho ein rask tur innom Operahuset Nordfjord, der ho fekk høve til å gratulere dei frammøtte med ti års bursdag for operahuset, og samstundes fekk statsministeren ein liten smakebit av bursdagskonserten som gjekk seinare på kvelden. Deretter gjekk turen til industribedrifta West Mekan.