Barneturnstemne i Nordfjordhallen

Fantastiske oppvisningar

Med fantastiske svev og vakker stil imponerte turnarane i Nordfjordhallen.
Bildegalleri

Laurdag og søndag var det klart for barneturnstemne i Nordfjordhallen i Deknepollen. Arrangøren i år var Skavøypoll Idrettslag som hovudarrangør, og turngruppa i Vågsøy, MIL Turn, som medarrangør. Nesten 1000 turnarar frå heile fylket viste fram akrobatikk, høge svev og dans av høg kvalitet. Blant laga som var med var Eid og Flatraket, som begge lét både dei yngste og eldste turnarane skine.