Eit kulturelt fyrverkeri

Fredag kveld var det klart for premiere på Fargespel i Operahuset Nordfjord og barn, unge og vaksne frå 16 nasjonar formidla kultur.
Bildegalleri

Fargespel er eit multikulturelt prosjekt der barn, unge og vaksne frå land frå heile verda møtast på scena med musikk og dans. Fredag var det klart for premiera på Fargespel i Operahuset Nordfjord, og gjennom førestillinga er det til saman 16 nasjonar som formidlar kultur gjennom song, musikk og dans.