Skiskyting

KM på Harpefossen

Laurdag var det klart for KM Sogn og Fjordane på Harpefossen.
Bildegalleri

Laurdag arrangerte Stårheim IL KM Sogn og Fjordane på skiskyttarstadion på Harpefossen. Det er lite snø på Harpefossen, og det var lenge usikkert om det ville bli arrangert KM. Men med litt omlegging av løypene, gjekk det akkurat og skiskyttarane frå Sogn og Fjordane kunne gå normalen laurdag. Det var overskya og snø i lufta laurdag, og snøen i løypa var litt laus.