Svelene rocka laust

Laurdag kveld laga Svelene liv i Gymmen med både nye og gamle hits.
Bildegalleri

Både ungdommar og godt vaksne tok turen til Gymmen laurdag kveld då Svelekameratane, eller Svelene, stod på scena. Med seg hadde dei også det lokale rockebandet Badly Broken Bastards, som varma opp Gymmen.

Det var god stemning gjennom kvelden, og lokalet var så og seie heilt fullt. Svelene rocka laust med nye låtar frå den nye EPen «Sanne Episoder», som kom ut for rundt ei veke sidan, og gamle slagarar. Svelene hadde også ein overrasking på lur, og hadde fått med seg Iona Chadwick på fiolin på fleire låtar til stor jubel i salen.