–Kjempekjekt å lage animasjonsfilm på skulen

Gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) har nær 250 elevar i Eid fått lære å lage animasjonsfilm. Eit spennande arbeid som engasjerte elevane.

Kreditering: Haguen Skule Kasper og Sander

Kreditering: Romkampen laga av Leif Magnar, Aksel og Håkon

Bildegalleri

Det var lite snakk om friminutt eller mangel på konsentrasjon for dei eldste klassene på Haugen skule onsdag denne veka. På timeplanen stod produksjon av animasjonsfilm, ei oppgåve som elevane kasta seg over.

–Det er spennande og veldig kjekt å lage film på denne måten, sa dei tre jentene Frida, June og Tiril. Dei hadde eventyret om Tommelise som tema, og laga sin eigen versjon av det.

–Vi har teke 216 bilde som vi har sett saman til ein film, kunne Frida, June og Tiril fortelje. Dei utgjorde ein av fem grupper som laga film ved hjelp av kulisser frå DKS.

Til saman skal alle dei fem barneskulane i Eid få besøk av DKS for å lære å lage animasjonsfilm. Det er elevar i femte, sjette og sjuande klassetrinn som har fått dette tilbodet. 


Gav meirsmak

  – Håpar vi får lage animasjonsfilm fleire gonger, sa elevane på Haugen skule etter filmdagen på onsdag.

Elevane blei delt inn i mindre grupper. Ved hjelp av eit nettbrett, ein animasjonsboks, og dokker eller figurar dei laga sjølve av plastelina eller papir, lærte elevane å lage animasjonsfilmar.

Det heile starta med litt kunnskap om korleis ein fortel ei historie, og elevane fekk lage ei lita historie sjølve.

Så fekk dei lære den enkle nettbrettapplikasjonen dei jobba med resten av verkstaden. Ved å flytte figurane sine litt og litt, og ta eitt og eitt bilete kom etter ei stund ei historie til liv.


Dei som er ute på vegen i fylket vårt for å lære barna å lage animasjonsfilm er Johan Moen, produsent/regissør/fotograf for tv/filmproduksjonar, og Charlotte M. Rintler, kunstnar og illustratør samt animatør. Johan har 15 års erfaring frå tv-verda mellom anna 12 år fra NRK, her har han all teknisk kompetanse til å gjere dette til ei oppleving. Charlotte har utdanning innan animasjon/illustrasjon og kunst frå universitetet i Manchester og Milano. Ho har også teke kurs i spesiell dukkeanimasjon i Praha.

Fjordabladet ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Bildegalleri