Supre forhold på Tua

Bildegalleri

Det var gnistrande godt skiføre i løypene og supre forhold i akebakken på Tua i helga. Sola kom og helsa på, men med ni blå var det mest fornuftig å halde seg i bevegelse. Mange hadde teke turen ut, av dei mellom andre familien Alkhalaf frå Syria, som like gjerne feira bursdagen til Nasser, ein av dei ni barna sine, i leikeområdet. Mor Fatima serverte heimelaga karbonader med spesielle krydder, og heile familien kosa seg med snøaktivitetar.