Julekonsert i Kjølsdalen

Serverte kortreist song og musikk

Kjølsdalen musikklag inviterte i ettermiddag til den tradisjonsrike konserten i Kjølsdalen kyrkje, der bygdefolk og andre tok ei hyggeleg pause i ei travel førjulstid og let seg underhalde med kortreist song og musikk.  
Bildegalleri

Musikklaget hadde sett saman eit fint program der både store og små bidrog; Kjølsdalen skulemusikk v/dirigent Tryggve Dyrvik, Barnekoret ved Kjølsdalen montessoriskule, Vindfylla spelemannslag og småfelespelarane i Kjølsdalen.