–Vi i Hei og Hå 4H meiner det er viktig at vi brukar naturen, og område som der vi no offisielt opnar «Draumeplass». For oss er det veldig stort å kunne opne ein plass som dette, sa Anna Kupen, leiar i Hei og Hå 4H, og som var med i styret i 4H-kubben på Bryggja første gong då ho var 12 år.

Bli betre kjent

–Draumeplassen er meint å bidra til at folk i den nye kommunen skal bli betre kjent med kvarandre. Alle som har lyst til å besøke plassen er velkomne. Vi i 4H-klubben Hei og Hå  ynskjer å styrkje vårt tilhøve til folk i den nye kommunen og vise litt av det midt-delen av kommunen har å tilby. I sommar har det vore hektisk dugnadsinnsats med bygging av gapahuken ved Lefdalsvatnet. Folk frå Bryggja og frå bygder i både Eid og Selje har lagt ned stor innsats for å få bygget så ferdig som mogleg til opninga, sa Anna Kupen som takka alle dei som hadde vore med å gjere det heile muleg.

Gode møteplassar

–Eg er veldig glad for at vi har blitt invitert hit til aktivitetsdagen og opninga av Draumeplassen. Å lage plassar som den vi no opnar i dag er i tråd med måla den nye Stad kommune har. Eit sentralt punkt i Stad2020 sine samfunnsmål er å skape ein kommune der alle dreg i lag. Mange vil sikkert oppfatte dette som heilt sjølvsagt, men vi veit at for å få det til er det mykje jobb som sklal gjerast, og at alle må vere med å bidra. I det arbeidet er det å lage gode møteplassar, i det store og i det små, viktig. Det kan vere ein benk langs vegen, eit forsamlingshus, eller ein naturmøteplass som den vi skal opne her i dag. Dette er eit flott døme på korleis ein skaper gode lokalsamfunn der alle er med, sa Alfred Bjørlo før han skar over snora saman med, Jan Vidar Smenes, varaordførar i Selje, og Hilde Sværen, organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane 4H.