Malakoff-publikummet visste å sette pris på ein nordfjording på scena. Og dei heftige rytmane med ei sugande blåserekkje vekte også folket på festivalcampen til å kome framfor scena og vere med i stemninga. Amfiet var så stappfullt at vaktene måtte stenge av portane, og mange kom rett og slett ikkje inn.

Lemaitre er ei norsk elektronikaduo med base i LA, der trommis i bandet, Jon Fredrik «Joffen» Hopland frå Stryn er med.