–Dette er topp. Vi har vore her mange gongar før, og kjem igjen. Malakoff må ein ha med seg, seier ein gjeng frå Førde.

Vande festivalgjengarar har med seg kjølebag med isbitar, for å sikre seg kald drikke. Andre er storfornøgd med at Aske hadde rigga seg til med sandwich-kiosk utanfor inngangen.

Dei som skal på scena i kveld er Honningbarna, Castro, Sjur, Heave Blood & Die, Unge Ferrari, Bokassa, og Gåte.