For to dagar sidan låg havtåka tjukk over hele Stadlandet. I dag 17. mai var det ikkje ein tåkedott å sjå. Knapt nok ei sky på den blå himmelen. Litt vind var det, men kva gjer vel det når alt det andre er heilt topp.

Nasjonaldagfeiringa starta med gudsteneste i Leikanger kyrkje. Etter gudstenesta heldt Åge Lundebrekke tale og la ned ein blomekrans ved bautaen ved kyrkja,, som er reist for å minnast dei som ofra alt  for landet sitt. Deretter starta toget på si lange ferd mot skulen, der det både noko å bite i, og leikar for borna. Seinare på dagen var det tale for dagen ved Lars Monsen.

Her har vi lagt ut ein liten biletserie frå nasjonaldagfeiringa på Leikanger.