Det sa Kjell Nøstdal, Berge Bjørkedal og Gerd Fløde Bjørlo etter å ha sett forslaga barneskuleelevane hadde laga til kommunevåpen for Stad kommune.

–Namnenemnda for Stad kommune fekk i tillegg til å finne eit høveleg namn på den nye kommunen også i oppdrag å jobbe med nytt kommunevåpen. I dette arbeidet har det vore eit ønskje om å engasjere så mange som mogleg til å kome med forslag til kommunevåpen for Stad. Ikkje minst var det eit ønskje frå Fellesnemnda Stad 2020 om å engasjere skuleelevar, både i barne- og ungdomsskulane i dei to kommunane, og i tillegg elevane ved Eid vidaregåande. Sistnemnde skule er det Steinar Furnes som har hatt ansvaret for. Det er verkeleg kjekt å sjå engasjementet og kreativiteten som elevane legg for dagen, sa Kjell Nøstdal, som har 41 år bak seg som lærar/lektor ved Eid vidaregåande.

–Kva rammer, reglar, er det elevane hare å jobbe innanfor når dei skal lage forslag til kommunevåpen, og kva er det de ser etter?

– Det er reglar når det gjeld fargebruk, altså kva fargar som kan brukast. Det skal berre vere to fargar. Motivet skal vere enkelt, utan skugge. I tillegg meiner vi at kommunevåpenet som Stad skal ha, skal seie noko som kjenneteiknar kommunen, sa Kjell Nøstdal som saman med resten av namnenemnda skal ha eit møte den 22. mars for å sjå kva som har kome inn av forslag, og korleis løpet vidare skal leggast opp.

– Vi har god tid, eg reknar ikkje med at noko blir bestemt før vi skriv 2019. Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak, seier han.

Kva tykkjer så fjerdeklassingane om å få vere med å lage forslag til kommunevåpen til nye Stad kommune, og kva tenkjer dei når dei formar sine forslag?

Fleire av elevane gav uttrykk for at dei fekk høve til å lære litt om kvifor Selje og Eid skal slå seg saman til ein kommune, og at både kommunenamn og kommunevåpen er viktig for identiteten til den nye kommunen.

– Vi har valt å legge vekt på vennskap, og meiner at eit hjarte bør vere kommunevåpen i Stad kommune, sa Nathalie og Emilie.

– Fjord og fjell er mitt forslag til kommunevåpen, sa Amanda som meinte det var heilt naturleg å trekke fram naturen.

– Eid er ein kulturkommune. Det meiner eg også at Stad kommune vil bli, difor har eg valt notar som kommunevåpen, sa Olve.

I tillegg til framlegga frå desse elevane var det ei rekkje kreative forslag.