Bileta i denne serien er henta frå første akt av «Sildagapet». Operaen handlar om livet til fiskarane og kystfolket under det eventyrlege sildefisket på 1950-talet. Alle bilete er tatt under generalprøven sist måndag.

«Sildagapet» er skriven av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde. I 2014 omsette Jostein Avdem Fretland Fellini sin opera Il puritani til nynorsk, og som fekk namnet «Søner av Sola». Opera Nordfjord sette opp den i 2014.

Bakteppet for «Sildagapet» - ein opera om havets sølv – er lagt til kysten av Nordfjord Nærare bestemt Måløy. Første møte med fiskarbøndene Ragnar (Øystein Skre) og Bjørn (Magne Fremmerlid)  og sønene Håkon (Kasper Nes Larsen) og Guttorm (Iver Bjørlo) er på slutten av andre verdskrig. Tidene er dårlege, ikkje minst fordi tysk minelegging hindarar fiske etter «havets sølv».

Neste møte med karane frå Silda og Halsøyra, er lagt til turnhallen i Måløy. Det er snurpedans, og vekas største sildefangst blir kåra. Bjørn på Sanden tek imot prisen som notbas på vinnarbåten. Håkon (Eivind Kandal) som har blitt ti år eldre får auga på Inga (Martha Standal Pavelich), som er komen frå Gloppen til Måløy for å hjelpe faren med å selje sildekasser. Håkon og Inga dansar og blir kjende med kvarandre. Guttorm (Jonas Nyløy Navarsete), son til Bjørn på Sanden som nyleg tok i mot prisen for vekas beste sildefangst,  kjem bort til Håkon og spør om han såg far hans på scena. Inga vert interessert i Guttorm, som skryt og viftar med alle pengane han har tent. Med det er løpet for rivaliseringa om Ingas gunst mellom Håkon og Guttorm lagt.

På snurpedansen er det i tillegg til dans, både drykk og kortspel. Enkelte har flaks i kortspel, og andre får for mykje innanbords. Erling, far til Inga, har uflaks i kortspel og er rimeleg godt på ein snurr, og har problem med å finne ein høveleg stad å late vatnet. Bjørn på Sanden hjelper han å finne doen. Erling seier at han snart skal få revansje i kortspelet, for lukka snur alltid når han har fått late vatnet. Båe prisar silda for rikdomen ho gjev dei.

Inga og Guttorm, som har vore ute og prøvd lykkehjulet, kjem inn att i Turnhallen og tek til å danse. Etter ei stund kjem også Håkon, som undrar på om han får avslutte dansen han starta med Inga tidlegare. Det endar med slåstkamp mellom Håkon og Guttorm. Fylgjet til Guttorm spring mannsterke på Håkon, og alle blir kasta ut.

Erling er no mest dauddrukken og spelar kort med Bjørn og nokre til ved eit bord ved dansegolvet. Det blir lese opp ei oversikt som fortel at Erling skuldar mange tusen kroner, men han insisterer på at han lett skal betale når sildepengane kjem. Inga blir vàr at faren er full og spelar kort og dreg han med seg ut av lokalet, medan spelekompisane ler. Utanfor ser Håkon dei og hjelper henne å levere faren på betelskipet Eliser 5. Håkon og Inga er i ferd med å bli forelska, og avtalar å treffast att måndag morgon på kaia, før han dreg ut på fiskefeltet.

Slik sluttar første akt i «Sildagapet». Men det skal bli langt meir dramatikk. Sjå bilete og innhald frå andre akt her!