Kan ikkje legge ned skulen etter dette

– Ein av dei nærmaste dagane kjem vi til å sende eit skriv til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane der vi ber om at fylkesmannen opphevar vedtaket til Vågsøy kommunestyre om å legge ned Bryggja skule frå hausten 2018.

Bryggja Skule: FAU ved Bryggja skule ber no fylkesmannen om å gjere om Vågsøy kommune sitt vedtak om å legge ned Bryggja skule.   Foto: Tormod Flatebø

Abonnent

Det seier Steinar Kvalheim, leiar i Foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Bryggja skule, til Fjordabladet.


 

–Tidlegare har FAU ved Holvik og Bryggja skular sendt eit felles brev til fylkesmannen om same tema. Etter at departementet stadfesta fylkesmannen i Sogn og Fjordane si tilråding om at Bryggja blir ein del av Stad kommune frå 2020, er det endå meir aktuelt enn tidlegare at nedleggingsvedtaket blir gjort om, seier Steinar Kvalheim