Dette lesarinnlegget er skrive av Bent-Inge Borgund og Håkon Sjåstad, Stad SV - som eit svar til Åge Starheim.

Vi har i debatten lagt vekt på at administrasjonen har fulgt opp dei politiske vedtaka som har blitt gjort i saka.

SV har frå første stund prøvd å kome med alternative framlegg til fornuftige vedtak. Desse har blitt nedstemt. Vi meiner at dei vedtaka som har blitt gjort har vore uansvarlege, og har blitt gjort i feil rekkefølge.

Våre framlegg til vedtak i denne saka ligg tilgjengeleg på Stad kommune sine heimesider, men vi legg dei ved her:

Framlegg i forbindelse med sal av tomt:

Helse og Omsorg 21.10.2020.

Framlegg frå SV v/Bent-Inge Borgund:

1. Ny lokalisering av eksisterande funksjonar i noverande helsesenter, må vere ferdig behandla og vedteke i kommunestyret, før eit eventuelt sal av dagens helsesenter kan finne stad.

2.Det må utarbeidast ein realistisk plan for gjennomføring av relokaliseringa, og for å ivareta tenestane i ei eventuell overgangsfase.

Stad kommunestyre 29.10.2020.

Framlegg fra SV og FRP:

1. Stad kommune kan ikkje gå i forhandlingar om sal av helsesenteret i Selje før ein har utgreia kostnadene med alternativ lokalisering av legesenter i Selje sentrum

2. Kommunestyret ber administrasjonen i Stad kommune om å utgreie alternativ lokalisering av helsesenteret i Selje sentrum og kostnadene med slike.

I kommunestyret 04.02.2021 vart kjøpekontrakta godkjent av kommunestyret. SV stemte mot, og vi hadde dette alternative framlegget:

Framlegg frå Bent-Inge Borgund (SV):

1. Stad kommune avventar signering av kjøpekontrakt mellom Stad kommune og Selje Hotell Invest AS vedrørande sal av gnr 256 bnr 1 feste nr 92 med påståande bygningar.

Etter at ein har ferdig utgreidd kostnadane til nytt alternativ til legesenter/helsestasjon, kan forhandlingane gjenopptakast.

2. Kommunestyret forutset at salssummen skal vere øremerka nytt helsesenter i Selje, og at denne inngår i eit realistisk økonomisk budsjett for nytt helsesenter.

I kommunestyremøte 08.05.22 oppsummerte vi frå talerstolen kva vi syns har blitt feil i denne saka. Vi solgte eksisterande helsesenter for 6 millionar, før vi visste korleis vi skulle erstatte helsesenteret, og om vi hadde råd til å erstatte det.

Kva som hadde blitt vedteke angåande salg om det var 45 millionar som låg på bordet i utgangspunktet, veit ein heller ikkje. Men det har ein aldri fått teke stilling til sidan tomta var vedteke selt først

Protokollføringa er klar på at det er dei politiske prosessane og vedtaksrekkefølgja ein er kritisk til, ikkje administrasjonen og ikkje kommunedirektøren.

Vi set pris på om Åge Starheim forheld seg til fakta.