Dette innlegget er skrive av Vanylven Eldreråd:

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og regjeringa reduserer løyvinga til eldreombodet med ein million kroner i revidert budsjett. I tillegg foreslår dei å legge ned eldreombodet frå 1. juli 2023. Dette vil Vanylven Eldreråd protestere på det sterkaste mot, og oppmodar med dette regjeringa om å tenkje seg om ein gong til.

Vi registrerer KrF-leiar Olaug Bollestad sin kritikk av regjeringa, og støttar henne i utsagnet om at denne avgjerda er «ein hån mot dei eldre». Den førre regjeringa tok innover seg det mangeåriget saknet av eit ombod som kjempar for dei eldre i samfunnet vårt, og fekk med seg Stortinget i eit samrøystes vedtak om å opprette Eldreombodet i 2020.

Endeleg fekk vi eit eige statleg organ som samla synleggjer dei eldre sine behov, og utfordringane dei møter i vårt moderne, digitale samfunn. Eldreombodslova seier at ombodet skal foreslå tiltak som kan styrke eldre sine interesser og løyse eller førebygge utfordringar i samfunnet. Er utfordringane allereie løyst, eller har vi berre så vidt kome i gong?

At regjeringa no avviklar ordninga av økonomiske årsaker reagerer naturleg nok også eldreombod Bente Lund Jacobsen på. Ho seier ho forventar at Eldreombodet held fram. Arbeidet med å fremje interessene til eldre må trappast opp, ikkje ned. Eldreombodet trengst som vaktbikkje og trekkhund, seier ho.

Pasient- og brukarombodet blir styrka med tre millionar kroner, og dette skal også komme dei eldre til gode, seier minister Kjerkol, og viser til at regjeringa må prioritere. Ho meinar at fleire av eldreombodet sine oppgåver vert dekte av andre ombod og instansar.

Er det då slik at regjeringa i neste omgong kjem til å fjerne barneombodet også? Er barna også skjerma av tilstrekkeleg med instansar? Er eldreombodet i så fall første steg på å legge ned fleire ombodsfunksjonar, og så vel ein å ta frå dei eldste først, fordi denne gruppa protesterer mindre høglytt?

Vanylven Eldreråd viser til demografiutfordringane distrikts-Norge står i. Det blir fleire eldre i samfunnet vårt, og vi treng nokon som går fremst i toget for å fremje dei eldre sine interesser.

Om ikkje regjeringa har fått nok ut av intensjonane med å opprette eldreombodet, så ber vi om at dei i staden ser på korleis dei kan forbetre tenesta, heller enn å legge den ned.

No har vi endeleg har fått eit eldreombod på plass, og med det ein instans som kvar einaste dag talar viktige saker for dei eldre i samfunnet vårt. Og det treng vi meir av, ikkje mindre!