–Vi veit at vi er fullt på høgde med dei beste laga i divisjonen når vi får spelet vårt til å flyte. Vi veit også at vi er frykteleg dårlege når vi ikkje får dette til. Dagens kamp er avgjerande for om vi held plassen i divisjonen. Vi må minst ha eitt poeng for å sikre plassen. Det var den klare meldinga Fjordabladet fekk frå trenar Geir Dale før serie finalen mot Florø.

Oppvisning

Florø starta med ballen og scora i sitt første angrep. Det skulle gå heile sju minutt før gjestane greidde å overliste Eid sitt forsvar og keeper. I løpet av desse sju minutta hadde Eid storspela og opparbeidd seg ei firemålsleiing. Fram til halvspelt omgang jamna det seg litt ut. Etter halvspelt første omgang leia Eid sine herrar med tre mål, 9–6. Resten av omgangen eigde Eid fullt og heilt.

– Vi knytte skikkeleg til i forsvar. Fekk til dei gode kombinasjonane offensivt som vi veit vi kan når vi er gode, var kommentaren frå Geir Dale som var svært nøgd med det han såg i denne perioden. I løpet av dei siste 15 minuttane i andre omgang scora Eid ti mål og Florø tre, slik at det stod 19–9 til pause.

Jobben gjort

I den andre omgangen slepte Eid litt taket i kampen, og det vart ein meir jamspelt omgang. Men sjølv om gjestane jobba hardt for å redusere den store leiinga Eid hadde til pause, så greidde dei ikkje å ta innpå. I store delar av omgangen var leiinga til Eid større enn det den var til pause. På slutten av kampen greidde gjestane frå kystbyen å sette nokre mål, og vinne omgangen med eitt mål. Men det var Eid som kunne heve armane etter å ha vunne kampen med 32–23.

Toppscorar

Adrian Hagen Henden vart kampens store spelar med ni mål og bestemannspremie. Tett bak på scoringsstatistikken følgde Terence Leftwich og Sondre Vangberg med sju mål kvar.

På Eid spelte: Kristoffer Vedvik Eikeset, Oddbjørn Ulvestad Karlsen (4), Symon Kac, Karl Ulrik Nord (2), Abidnasir Abid (2), Henrik Hestenes, Terence Leftwich (7), Adrian Hanebrekke, Adrian Hagen Henden (9), Torgeir Sole Sundal, Sondre Vangberg (7).

Offensiv kraft: Sondre Vangberg var den mest skotvillige på Eid i kampen mot Florø. Sjølv om det vart nokre bomskot, laga han hele sju mål i kampen. Foto: Tormod Flatebø
Solid: Terence Lefwich var solid både i angrep og forsvar. Han noterte seg med sju mål i skjebnekampen mot Florø. Foto: Tormod Flatebø