–Eg trur ikkje det vi såg her i dag er eit rett bilete av kva Stryn står for. Dei mangla ein del av sine gode spelarar. Men når det er sagt, så legg  eg ikkje skjul på at det er kjekt å vinne.

Det seier Dan Jøran Hafsås, trenar for Eid sitt 4. divisjonslag i fotball, som slo erkerivalen Stryn 5-2 på Eid Idrettspark laurdag ettermiddag.

Svak 1. omgang

Det var ein merkeleg kamp. I første omgang var det lite, eller ingen ting, som fungerte for heimelaget. Laget hang rett og slett ikkje skikkeleg saman. I tillegg til mange individuelle feil, var det stor strekk i laget, dei var dårleg på press defensivt og offensivt skapte vi nesten ingen ting bortsett frå Marius Henriksen si redusering til 1-2 på slutten av omgangen. Det kunne virke som om det var viktigare å dytte ballen frå seg, enn avslutte. Stryn var ikkje stort betre enn Eid i denne omgangen. Skilnaden var at Stryn fekk to heldige mål på store feil i Eid sitt forsvar.

–I den første omgangen fekk vi sjå kor dårlege vi er når vi ikkje får spelet til å sitte, seier Eid-trenar Hafsås.

Stor forvandling

I andre omgang var det eit totalt forvandla heimelag som viste seg fram.

–Vi fekk oss ein skikkeleg part i garderoben, justerte litt og sette inn tre gode spelarar, seier Dan Jøran.

Spelarane trenaren sette innpå etter pausen var brørne Simen og Kristian Lefdal og Vebjørn Høynes. Grunnen til at dei ikkje starta kampen hadde samanheng med at dei hadde vore sjuke.

–Det som eg merka meg var sjølvsagt at laget vart meir komplett då du sette desse tre spelarane innpå, men ikkje nok med det heile laget reiste seg.

–Det er korrekt. Det aller viktigaste, og den største skilnaden på dei to omgangane var at vi i andre omgang begynte å jobbe med ballen, og ikkje som i første omgang då vi var redde for ballen. Det resulterer i at vi går frå 1-2 til 5-2. Eitt straffemål og to fantastisk flott frisparkmål av Vebjørn Høynes. Det siste målet var det Espen Rosø som sette inn.

Kampfakta

Eid – Stryn 5-2 (1-2)

Eid Idrettspark

Dommar: Abidnasir Abdi, Eid IL

Assistentdommarar: Matias Lesto Larsen, Selje IL, og Kamil Hanssen, Åfjord IL

Mål:

0-1 Rassmus Skaare Kjellaug

0-2 Trym Øvreberg

1-2 Marius Henriksen

2-2 Vebjørn Høynes

3-2 Vebjørn Høynes (straffe)

4-2 Vebjørn Høynes

5-2 Espen Rosø

Eid: Sander Frislid, Espen Rosø, Adrian Henden, Henning Haugen, Daniel Haus, Arild Rindal, Andreas Hellenes, Daniel Myklebust, Marius Henriksen, Jonas T. Heggen og Joakim Vedvik. Innbyttarar: Erik Røysen, Simen Lefdal, Kristian Lefdal og Vebjørn Høynes.

Meir frå kampen i avisa tysdag

I tillegg til å score tre mål mot erkerival Stryn, så viste Vebjørn Høynes at han kjem til å bli ein viktig spelar for Eid denne sesongen. Foto: Tormod Flatebø
I første omgang var Stryn det minst dårlege laget. til pause leia stryningane 2-1. Foto: Tormod Flatebø
Ikkje så ofte at ein har drikkepause under kampane i april. Foto: Tormod Flatebø
Teknikaren og balleleganten Simen Lefdal gjorde eitt veldig bra innhopp i kampen mot Stryn. Foto: Tormod Flatebø
Arild Rindal, Eid sin lagkaptein, prøvde seg men denne gongen greidde han ikkje å overliste Muri i Stryn Sitt mål. Foto: Tormod Flatebø