– Endeleg er fotballen i gang, fastslo ein gjeng med unge, ivrige spelarar.
Ingebjørg Nilsen Stokkenes ins@fjordabladet.no
Oppdatert:
Etter fjorårets suksess arrangerte Eid IL Fotball måndag sin eigen Kick Off for barnefotballen på Nordfjordeid – der seks til 12-åringar boltra seg på Eid Idrettspark.
– Her er mange smil, og mange som tydeleg gleder seg over fotballstart, konstaterer Dan Jøran Hafsås. Det var A-lagsspelarane som stod for regien denne treningskvelden, der fokus var fotballglede. Målet er å skape fellesskap blant dei ulike laga.
– Det er også kjekt å sjå at mange foreldre er med, bryr seg og er med på ein slik dag, seier han.