Regine Nesheim er både norsk, nordisk, europa- og verdsmeister som junior. Stemnet i Munchen blir debut for Regine Nesheim i World Cup-samanheng som senior. Med seg til seniorstemnet frå Regine tidlegare lagveninner  frå juniorlandslaget, Jenny Stene og Jeanette Hegg Duestad i ein ung rifletropp. Stene får sin WC-debut i Sør-Korea i slutten av april, Duestad debuterer i WC i USA i byrjinga av mai.

Skytingane

Troppen til München tel tolv rifleskyttarar under leiing av landslagstrenar Espen Berg-Knutsen. Det skal skytast 10 meter luftrifle, både individuelt og mixed team, 50 meter heilmatch rifle. I tillegg stiller Norge også på 50 meter liggande på rifle, som er ein Grand Prix-øvelse utanfor sjølve WC-programmet denne gang.

Slik skyt dei

På 10 meter luftrifle deltek Jeanette Hegg Duestad, Sina Busk, Karoline Hansen og Jenny Stene (MQS).

På 50 meter heilmatch, som er tre goner 40 skot i tre stillingar, liggande, kne og ståande,  deltek Regine Nesheim, Jenny Stene, Sina Busk, Jeanette Hegg Duestad (MQS) og Karoline Hansen (MQS).  Jeanette Hegg Duestad og Karoline Hansen får MQS, som unge lovande skyttarar i samhøve med kriterier.

Best i uttaket

Under uttaksstmenet, Kisen Open, vart det skote to konkurransar i heilmatch. I den første konkurransen, laurdag, vann Sina Busk (1176 poeng) med Regine Nesheim på 2. plass (1173 poeng) og Jenny Stene, 1. plass junior dame (1174 poeng).  Tilsvarande konkurranse søndag vart vunne av Regine Nesheim (1170 poeng), med Sina Busk på 2. plass (1165 poeng). Begge uttakskonkurransane sett under eitt var Regine Nesheim best, med Jenny Stene på 2. plass og  Sina Busk på 3. plass.

Kollisjon med eksamen

50 meter liggande (Berre Grand Prix-stevne):  Jenny Stene, Sina Busk og Jeanette Hegg Duestad. I samhøve med kriterier vert dei uttekne heilmatchskyttarane tilbydd deltaking på 50 meter liggande. Regine Nesheim var best under uttakskonkurransen på 60 skot liggande på 50 meter, men ho har takket nei til å delta på grunn av eksamen.

Gullag: Som juniorar tok dette laget VM-tittelen for lag i 60 skot liggande. No skal dei måle krefter ned verdas beste seniorar i WC i Munchen i slutten av mai. Frå venstre Janette Hegg Duestad, Regine Nesheim og Jenny Stene. Foto: Magne Nesheim