Over Brekka 2017

Liv Berge - 67 år og like sprek

Raskast i konkurranseklassen var Pål Anders Rindal. Tida hans var sterke 30;46.
Bildegalleri

Over Brekka er eit av løpa som inngår i Nordfjordkarusellen. I fjor var det under 20 som stilte til start i konkurranseklassen. I det flotte vêret søndag var det heile 29 konkurranseløparar på startstreken. I tillegg til Pål Anders Rindal var det ei 67 år gamal dame som imponerte.


Eldste dame

Liv Berge (67) var eldste dame i konkurranseklas­sen, og ho imponerte. Spørsmålet er kva som får ei dame på 67 år til å stille opp i eit tosifra tal krevjande løp kvart einaste år?

– Eg har halde på så lenge at det er vanskeleg å slutte. I år har det blitt færre løp enn tidlegare år, men det er nok tosifra startar i år også, seier Liv Berge som likar motbakkeløp best.


Pensjonist

Den spreke dama frå Åheim pensjonerte seg tidlegare i år. Ho har jobba i pleie og omsorg i Vanyl­ven kommune.

– Arbeidet i omsorgssektoren er hardt så det er ein fordel å vere i god form. Som pensjonist tenkte eg at eg skulle få litt meir tid til trening, men det har ikkje blitt slik endå, seier Liv Berge som årleg deltek i motbakkeløpa Skåla Opp og Trollenykjen Opp.

–I år har eg sprunge Trollenykjen opp men det vart ikkje noko Skåla opp, seier ho.


Resultatliste Over Brekka 2017:

Gutar 13-16:

1. Magnus Skeide Bakke, Eid, 31.37

2. Oskar Guddal Breivik, Markane, 31.47

3. Bendik Vereide, Gloppen, 31.52

4. Ingebrikt Nes Hjelle, Eid, 32.38

5. Nikolai Dispen Lødemel, Markane, 36.34

6. Ask Haughovd, Haugen, 37.51

7. Daniel Navelsaker, Eid, 38.42

8. Aron Mathias Vonheim, Stårheim, 43.13


Menn 17-29:

1. Pål Anders Rindal, Eid, 30.46

2. Mathias Kullsveen, Eid, 32.47

3. Yngve Furnes, Måløy, 33.52

Menn 30-39:

1. Hilmar Kråkenes, Almenning, 30.53

2. Kay Roger Haugen, Eid Motbakke, 32.06

3. Kennet Vedvik, Eid, 32.26

4. Aleksander Blålid, Måløy, 33.33


Menn 40-49:

1. Svein Arne Lødemel, Markane, 32.21

2. Arild Vonheim, Stårheim, 32.37

3. Roger Nygård, Eid, 35.21

4. Inge Visnes, Almenning, 41.27


Menn 50-59:

1. Odd Martin Øverbø, Måløy, 34.33

2. Egil Holvik, Almenning, 35.48

3. Hans Aksel Fjelldal, Eid, 38.44

4. Ulf Magne Eikås, Stryn, 42.03


Kvinner 60-69:

1.Liv Berge, Åheim, 47.45


Menn 60-69:

1. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal, 41.19

2. Ivar Bruun, GFIL, 42.11

3. Rolf TEnnebø, Sandane, 42.18


Menn over 70:

1. Magne Tystad, Gloppen, 40.37

2. Jostein Visnes, Almenning, 52.00