Spelemessig var det ikkje tvil om kven som var best av dei to laga i siste kamp før sommarferien. Førde sitt unge lag, som hadde fem spelarar som heldt gutealder, gjekk hardt ut dei første fem minuttane, men då Eid sette i gong å rulle ball i høgt tempo greidde ikkje Førde sine nest beste å henge med. Det var vel fortent at heimelaget tog leiinga, etter klikklakk fotball i det 9. minutt. Sist på ballen var Sebastian Andersen Grøttå.

Køyrde kampen

Eid køyrde meir eller mindre over gjestande lag dei første 35. minuttane av 1. omgang. Heimelaget spelte seg fram til fleire store sjansar utan å få nettkjenning. Etter å ha vore best både på samspel, tempo og attvinning, datt heimelaget av dei ti minuttane av omgang og slepte Førde inn i kampen. Det resulterte i at Førde 2 greidde å utlikne Eid si leiing. Etter ein lang corner dundra Vebjørn Litsheim Løkkebø til, ballen trefte Henning Haugen, Eid sin lagkaptein og gjekk i mål bak Erik-Andre Quiros Røysen i Eid sitt mål. Det såg lenge ut som om det skulle stå 1-1 til pause, men på overtid dukka Kristian Lefdal opp framfor mål etter å ha blitt spelt fint gjennom av Vebjørn Høynes. Eid kunne gå til pause med 2-1 leiing.

Målkalas

Andre omgang vart litt av eit målkalas. Omgangen var berre fire minutt gamal då Espen Nødset Rosø sette inn Eid sitt tredje mål for dagen. I det 55. minutt gjorde Henning Haugen det godt att for sjølvmålet og sette inn Eid sitt fjerde mål for dagen - liggande. Ola Rognebakke, Førde 12 sin keeper var etter ballen, men ballen sneik seg dei naudsynte centimeterane over mållinja. Reduseringa til 4-2 var det Marius Naustdal Storevik som sto for med eit flott frispark. I det 73. minutt var det igjen duka for Kristian Lefdal, som sette inn det femte målet for Eid. Berre minuttar seinare var Brake Loftheim frampå og sette inn Førde 2 sitt tredje for dagen. Daniel Haus auka Eid si leiing til 6-3 i det 84. minutt. Målkalaste vart5 avslutta då Muktar Ferej Yassin fastslo sluttresultatet til 7-3.

Høgst fortent

At Eid vann kampen var høgst fortent. Etter vårsesongen no er over, kan Eid kan ta ein velfortent sommarferie som nummer fire på tabellen. To poeng bak Sogndal 2, og fire poeng bak Vik som har andreplassen. Stryn toppar tabellen med berre eitt tap. Eid og Vik har to tap etter halvspelt serie.

Kampfakta: Eid – Førde 2 7-3 (2-1)

Eid Stadion

Tilskodarar: cirka 120

Dommar: Thor Kristian Storevik, Svelgen TIF

Assistentdommarar: Oliver Kirkeeide Næss, StrynT&IL og Olav Næss, Stryn T&IL

Gule kort: Håvard Holmøyvik Holmøy, Eid

Mål:

9. min. 1-0 Sebastian Andersen Grøttå

39. min. 1-1 Sjølvmål Henning Haugen

45. min. 2-1 Kristian Lefdal

49. min. 3-1 Espen Nødset Rosø

55. min. 4-1 Henning Haugen

65. min. 4-2 Marius Naustdal Storevik

73. min. 5-2 Kristian Lefdal

75. min. 5-3 Brake Loftheim

84. min. 6-3 Daniel Haus

90. min. 7-3 Muktar Ferej Yassin

Eid: Erik-Andre Quiros Røysen, Henning Haugen, Adrian Hagen Henden, Espen Nødset Rosø, Håvard Holmøyvik Holmøy, Sebastian Andersen Grøttå, Marius Endestad Henriksen, Vebjørn Høynes, Runar Elias Lillestøl Naustdal, Artur Melikyan og Kristian Lefdal

Innbytarar:  Muktar Ferej Yassin, Daniel Haus, Daniel Myklebust, Kristian Årskog og Joakim Frislid Vedvik.

Førde 2: Ola Rognebakke, Odin Elias Bauge Koskinen, Elias Rognebakke, Fredrick Adrian Rørstadbotnen, Vegard Steen Eikeland, Mathias Lambrechts Sagevik, Ørjan Hoff Vikum, Marius Naustdal Storevik, Kristoffer Hanssen, Lars Jørgen Løken Rundereim og Vebjørn Litsheim Løkkebø.

Innbytarar: Krister Smaadal, Kristian Bell, Sander Aamelfot  og Ådne Engelsen Aarberg.

Resultat:

Eid – Førde 2  7-3

Dale – Sogndal 2 2-6

Bremanger - Tornado Måløy  1-1

Florø 2 - Vik  4 - 0

Stryn - Årdal 3-0

Tabell 4. divisjon - Kretsligaen

LagKamparVUTMålPoeng
Stryn1182137 – 1626
Vik1172221 – 1323
Sogndal 21170444 - 1121
Eid1154230 - 2219
Florø 21161427 - 2619
Årdal1152426 - 2117
Bremanger1143422 - 2215
Tornado Måløy FK1142518 - 2614
Dale1132621 - 2411
Førde 21131726 - 4210
Skavøypoll1122712 - 368
Høyang111198 - 334
Henning Haugen var uheldig å sette ballen i eige mål i den første omgangen. Tidleg i andre omgang gjorde han det godt att og sette inn Eid sitt fjerde mål i kampen. Foto: Tormod Flatebø
Håvard Holmøyvik Holmøy var solid i begge endar av banen. I lufta var det få som kunne hamle opp med han. Her er han farleg frampå, men ballen går over mål. Foto: Tormod Flatebø
Sebastian Andersen Grøttå opna målkalaste til Eid mot Førde. Foto: Tormod Flatebø
Eid-trenar Dan Jøran Hafsås såg ein smule betenk ut dei siste ti minuttane av første omgang. Foto: Tormod Flatebø