Ein av deltakarane verdsmeisterskapen for junior er Regine Nesheim, som skyt i riflekonkurranse. Regine Nesheim (19), som skyt for Elverum Rifle Klubb skal skyte følgjande øvingar. 10 meter luftrifle + 50 meter liggande + 50 meter halvmatch.

–Dette er framtidas norske toppskyttarar og nokre av dei har kome imponerande langt. Vi ser fram til meisterskapen og veit at alle dei ti norske juniorane er godt førebudde og klare til å møte alle verdas beste unge pistol- og rifleskyttarar, seier sportssjef Tor Idar Aune.

65 nasjonar

I alt 535 skyttarar frå 65 nasjonar deltek i 13 ulike konkurransar i det første reine junior-VM for pistol og rifle. Dei store skyttarnasjonane India og Kina stiller med dei største troppane i dette meisterskapen.  Norges ti skyttarar skal delta i ni av øvingar, sju rifle- og to pistoløvingar.

I tillegg til Regine Nesheim stiller følgjande skyttarar i kvinner junior:

Jenny Stene (19), Kisen MSL (10m luftrifle + 50m liggende + 50m halvmatch + 10m luftrfile mixed team)

Jeanette Hegg Duestad (18), Nøtterø SKL (50m liggende + 50m halvmatch)

Ragnhild Haugen (17), Meråker IR (10m luftrifle)

Program for norske utøvarar:

Laurdag 24.06:

Rifle 50m 60 skot liggande kvinner

Rifle 50m 60 skot liggande menn

Søndag 25.06:

Rifle 50 meter halvmatch kvinner

Pistol 10m luftpistol kvinner

Mandag 26.06:

Rifle 10 meter luftrifle kvinner

Rifle 10 meter luftrifle menn

Onsdag 28.06:

Rifle 10m luftrifle mixed team (lagkonkurranse)