Arrangementet gjekk føre seg på Seimsåsen Aktivitetssenter på Årdalstangen, og Knut Tore Nes Hjelle melder om fint vêr, men at det var noko blautt og litt krevjande forhold i løypene.

Nes Hjelle fortel at Esekiel Henden (Gutar 11 år) var suveren i si klasse der det var sju deltakarar.

I klassen til  Ingebrigt Nes Hjelle (Gutar 13 år) var det spennande kamp heilt inn til oppløpet, då Ingebrigt tok ein sterk siger.

Oselie Henden var åleine i si klasse (Jenter 15 år).

Andre frå Eid IL som var med i dagens renn på Seimsåsen var Malene Nes Hjelle i klasse Jenter 9 år og Severin Nes Hjelle i klasse Gutar 8 år. Fleire eidarar var påmelde, men det var ein del fråfall på grunn av sjukdom.

Esekiel Henden tok leiinga heilt frå start. (Foto: Hilde Isene)
Ingebrigt Nes Hjelle på pallen. (Foto: Hilde Isene)
Oselie Henden på pallen. (Foto: Hilde Isene)
Malene Nes Hjelle og Severin Nes Hjelle deltok også i skirennet. (Foto: Hilde Isene)